Denne helga arrangerte HLF Møre og Romsdal årsmøte i Kristiansund. Årsmøtet fekk besøk av forbundsleiar Bjørg Kampestuen-Berntzen som orienterte om det nasjonale hørselsarbeidet.
Det skal vere val til dei ulike kommunale råda i kommunar og fylkeskommunen, og interessepolitisk avdeling i HLF snakka om kva rolle råda har og kva prosessar som gjeld for val til desse.
Det nye styret i HLF Møre og Romsdal er:
Kjell-Magne Bakken, leiar, Nordre Sunnmøre
Anne Britt Leivdal, nestleiar, Stranda/Sykkylven
Martinus Leirvoll, sekretær, Molde
Oddveig Mårstøl, kasserar, Volda/Ørsta
Håkon Leikarnes, studieleiar, Molde
Sigrun Havnen, styremedlem, Kristiansund
Varamedlemmer:
Anders Garte, Surnadal
Britt Irene Kvamme, Ytre Sunnmøre
Anne Lise Tellnes, Nordre Sunnmøre
