Hopp til innhold

Treng du hjelp til tema knytt til hørsel?

HLF har nyleg hatt oppdateringskurs for likepersonar høyreapparatbrukarar. Frå Møre og Romsdal deltok det denne gongen 5 personar på oppdateringskurset.

Likepersonane vart oppdatert på rettar og plikter, ulike hørselshjelpemiddel, og dei fekk mellom anna eit svært interessant foredrag av audiograf ved Hørselssentralen i Molde, Siri Merete Bergseth, om hørsel og høyreapparat. 

Mange treng for eksempel hjelp til å skifte filter, reingjere apparat, skifte domar og liknande. Andre treng berre ein samtale om korleis det oppleves å ha utfordringar knytt til hørsel.

Ein likeperson er ein person som brukar eigne erfaringar og kunnskap og kan gi hjelp til dei som brukar høyreapparat, eller har tinnitus, meniere og så vidare. De finn alle gruppene på heimesida til HLF. Ein likeperson kan vere ein samtalepartnar, motivere til å bruke aktuelle hjelpemiddel, informere og gi råd og rettleiing. Likepersonen har teieplikt, og det er heilt kostnadsfritt å bruke ein likeperson. Ikkje ver redd for å ta kontakt!

Martinus Leirvoll (HLF Molde, Siri Merete Bergseth, Toril Larsen (HLF Stranda og Sykkylven), Kristin Glæstad Vonheim (HLF Molde), Hildur Welle (HLF Stranda og Sykkylven) og Ola Halle (HLF Surnadal).
Martinus Leirvoll (HLF Molde, Siri Merete Bergseth, Toril Larsen (HLF Stranda og Sykkylven), Kristin Glæstad Vonheim (HLF Molde), Hildur Welle (HLF Stranda og Sykkylven) og Ola Halle (HLF Surnadal).

 

 

Du kan lese meir om likepersonordninga og finne din nærmaste likeperson på nettsidene til HLF. 

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding