Hopp til innhold

Helga 17.-18.9. var det arrangert samling for alle likepersonane i HLF i fylket.

Hørselstap, psykisk helse og meistring på programmet

Det er ikkje berre berre å miste ein funksjon. Korleis meistre å leve med hørselstapet, og kva tilbod har menneske med utfordringar knytt til hørsel dersom dei får psykiske vanskar? Og kva har balansetrening med alt dette å gjere? Dette var blant anna temaet for likepersonane i Møre og Romsdal HLF. 

Nasjonal behandlingstjeneste for hørsel og psykisk helse
Randi Hjertaker og Marianne Bang Hansen

Det var svært interessante innlegg frå blant anna Inger Anita Herheim og frå Nasjonal behandlingstjeneste for hørsel og psykisk helse ved Randi Hjertaker og Marianne Bang Hansen m.fl. Korleis påverkar nedsatt hørsel kommunikasjon og energinivå?

Inger Anita Herheim om balanse på samling for likepersonar i Møre og Romsdal hausten 2022
Inger Anita Herheim

 

Det var stort engasjement under det faglege programmet, og god underhaldning på kvelden. Slike faglege påfyll er viktig for at kunnskap om hørsel og tap av hørsel kjem ut til stadig fleire. Nokre av desse utfordringane har Inger Anita Herheim satt ord på i boka Vågestykket  - Veien mot fellesskapet, og i artikkelen: Nedsett hørsel gir vanskar du knapt trur 

30 år som likeperson

Marit Longva frå Nordre Sunnmøre HLF fekk vart heidra etter 30 år som likeperson. Henne er det mange som har blitt hjelpt av!

Marit Longva 30 år som likeperson
Marit Longva og Anne Britt Leivdal

HLF sentralt på besøk

Lasse Riiser Bøtun kom frå HLF sentralt for å snakke om korleis det blir arbeidd med oppfølginga etter landsmøtet 2022.

Lasse Riiser Bøtun frå HLF sentralt
Lasse Riiser Bøtun

 

Her finn du meir om Inger Anita Herheim

Her finn du meir om Nasjonal behandlingstjeneste for hørsel og psykisk helse

Du finn din likeperson på nettsidene til HLF

Boka Vågestykket - Veien mot fellesskapet finn du meir om her

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding