- Tid:
- onsdag 18. mai 2022 18:00 - 20:00
- Sted:
- Romsdalsmuseet, Krona
- Påmelding:
HLF Molde arrangerer temakveld om arbeidet til likepersonane til folk som har utfordringar med hørsel. Møtet er åpent for alle, og er du pårørande til nokon med hørselsutfordringar er du spesielt velkomen!
Program:
- presentasjon av arbeidet til hørsels- og synskontaktene i Molde kommune
- presentasjon av tilbodet om likepersonar i HLF Molde
Likepersontilbodet
Likepersontilbodet til HLF er eit supplement til det offentlege rehabiliteringstilbodet. Dei gjer ein frivillig jobb og kan gi hjelp som:
- samtalepart
-motivere til bruk av aktuelle hjelpemiddel
- informere
- gi råd og rettleie
Likepersonane har tausheitsplikt og det er gratis å bruke tenesta.
HLF Molde har likepersonar for høreapparatbrukarar, yrkesaktive, tinnitus, meniere og nærpersonar/pårørande. På nettsida til HLF Molde finn du kontaktinformasjon til desse.
Det blir også salg av batteri.