5. oktober arrangerer HLF Molde og InnbyggerLaben Innom møte med serveringsbransjen i Molde for å kome i dialog om utfordringane som både gjestene og bransjen opplever for å få til god lyd.
På møtet vil dei få tips og råd om god akustikk, og lydemping, dei barrierene som både menneske med dårleg hørsel og serveringsbransjen møter. Arne Huse frå Vestfold Audio AS og Halvor Berg frå Glava står AS for det faglege innhaldet.
God akustikk gir hyggelege innemiljø
Huse og Berg vil snakke om betydninga som gode lydforhold har for både gjester og tilsette. Bakgrunnsstøy er ofte ei utfordring, og for mange er dette årsaka til at dei vel å bli heime. Støynivå er også viktig for dei tilsette, då det påverkar stressnivå, konsentrasjon og generell trivsel. Overflater, innreiing og god akustikk er heilt sentralt for å redusere bakgrunnsstøy. Dette igjen er eit godt utgangspunkt for eit hyggeleg og lunt innemiljø der det er mogleg å føre samtalar mellom gjestene, og som ikkje slit unødvendig på personalet. Dei vil gi eksempel på korleis ein kan skape ein hyggeleg og inkluderande atmosfære med enkle grep.
Serveringsstadane er viktige møteplassar
Serveringsstadar er viktige møteplassar for folk i alle aldrar, seier nestleiar i HLF Molde, Kristin Glæstad Vonheim. Også vi som slit med hørsel ønskjer å ha gode opplevingar her, og vi møter stadig folk som strevar i slike situasjonar. I tillegg arbeider HLF førebyggjande slik at folk skal beholde og bevare den hørselen dei har. No ønskjer vi å kome i dialog med bransjen, seier Vonheim. Kva er barrierene for å få dette til og korleis kan vi hjelpe kvarandre? Dette er forhåpentlegvis berre starten på ein dialog som vi håper vil føre til ein vinn-vinn-situasjon for alle, gode lydforhold som gir fornøgde gjestar på serveringsstadane i Molde. Målet er å lage inkluderande serveringsstadar for gjestene og betre arbeidsforhold for dei tilsette i serveringsbransjen i Molde.
Møtet er åpent for serveringsbransjen i Molde og vi ber om påmelding til innan 3.10.
Saka om støy i serveringsbransjen finn de her:
https://www.dinhorsel.no/fire-av-ti-gaar-paa-grunn-av-stoey.6574083-460100.html
