Hopp til innhold

Onsdag 7.6. arrangerte Rådet for personar med nedsatt funksjonsevne i samarbeid med HLF Molde Hvert Øre Teller-kampanje.

Temaet på årets kampanje er tinnitus. Kva er dette, korleis kan du meistre den betre, kva tilbod finst lokalt og nasjonalt? Dette var informasjon som HLF Molde ønskte å formidle gjennom kampanjen på Fylkeshuset i Molde. 

Å leve med tinnitus kan opplevast ganske så einsamt, og det kan vere vanskeleg for andre å forstå korleis det er å leve med lyden. Tinnitus kan gje plagar som søvnvanskar, utmatting, sosial tilbaketrekking og depresjon. I verste fal lkan det føre til sjukefråvær og fråvall i arbeidslivet.  

 

I ei fersk medlemsundersøking gjort av Hørselshemmedes Landsforbund (HLF), seier kun ein av ti at dei opplever at fastlegen deira har kunnskap om tinnitus. Det er alarmerande tal ettersom vi veit at tidleg hjelp er viktig for å få eit betre liv. Mange får beskjed frå legen om at dette må du berre leve med, utan å få vite korleis og kvar du kan få hjelp.  

 

Det finst hjelp å få, og du er ikkje aleine. Å møte andre som har tinnitus, og å få meir kunnskap og meistringssverktøy, kan gi ein ny og betre kvardag. Det er behov for meir kunnskap om denne plaga, både hos legar, politikarar og folk flest.  

 Kristin Sørheim

Det var mange som var innom standen til HLF og fekk informasjon om behovet for tilrettelegging av valkampen spesielt og ulike arragangement generelt.  

 

Toril Hovdenak og Monica Molvær

 

 

 

Siv Katrin Ulla

 

Viktig tiltak, meinte fleire av dei som var innom. Standen fekk besøk av fylkeskommunedirektør, fylkesordførar og fylkesvaraordførar, som fekk orientering om kor viktig at valkampen og lokalsamfunna er barrierefrie og tilrettelagt. I tillegg kom andre fylkespolitikarar og mange andre tilsette på fylkeshuset innom.  Cirka 30 stk fekk testa hørsel og ein samtale med likepersonar i etterkant av testen.

 

 

 

Line Hatsømo Hoem og Trygve Grydeland

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding