Hopp til innhold

Du skal ikkje utestengast frå den politiske debatten sjølv om du høyrer dårleg!

Det er bodskapet frå leiar i Hørselshemmedes Landsforbund (HLF) Molde, Håkon Leikarnes. Det er i dag over 1 million i Noreg med hørselsutfordringar, kvar femte innbyggar og mange av desse er unge. Det vil seie at dette på ein eller annan måte angår oss alle. 

For å kunne delta i den politiske debatten generelt, og i valkampen 2023 spesielt, er det ei stor gruppe som er heilt avhengige av tilrettelegging for å kunne delta. Difor oppfordrar vi i HLF alle politiske parti i Molde, den kommunale administrasjonen i Molde, og andre som har ansvar for tilrettelegging av møteplassane i kommunen i samband med valkampen 2023, å sørge for blant anna  god lyd. 

Dette er viktig for å få til inkluderande møteplassar, og eit demokratisk ansvar, seier Leikarnes. Dei politiske partia har ikkje råd til å miste desse stemmene, verken på valdagen eller i den politiske debatten. 

Håkon Leikarnes, Kjell-Magne Nakken og Bjørn Kampestuen-Berntzen på årsmøtet i HLF Møre og Romsdal 2023 

Leiar i HLF Molde, Håkon Leikarnes, Leiar i HLF Møre og Romsdal, Kjell Magne Nakken og Forbundsleiar i HLF, Bjørg Kampestuen-Bertnzen på årsmøte i HLF Møre og Romsdal 2023

HLF Molde vedtok i styremøte 22.3.2023 tre resolusjonar som blant anna omhandlar retten til å delta:

1. Valgkampen skal være for alle

2. Hørselsvennlige og barrierefrie lokalmiljø

3. Riktig hjelp når du trenger det, et helhetlig tilbud til hørselshemmede

Leiar i HLF Molde, Håkon Leikarnes

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding