Målet med tiltaket var å førebygge høyrselsskadar i samband med avgangsmarkeringane. Stadig fleire unge høyrer dårleg og har utfordringar med tinnitus og liknande. Da er det enda viktigare å førebygge og å ta vare på den høyrsla ein har, seier leiar i HLF Molde, Håkon Leikarnes.
Også mange av dei tilsette vart testa og tiltaket vart godt motteke på skulen.
Dette bør skulane i Molde-området vurdere å ta inn i årshjula sine, seier Leikarnes. Han oppfordrar skulane om å ta kontakt med HLF Molde for å få til eit samarbeid vidare.
