Hopp til innhold

Ein særs interessant del av samlinga sto audiopedagog Karen Marie Eldvik Svoen for. Ho driv Sunnfjord Hørsel og Språk, og gav oss sine tankar kring kommunikasjon i møte med høyrselshemma. Hennar bakgrunn og kunnskap er viktig for særleg likepersonar, men også for alle andre i møte med menneske. Ho la særleg vekt på å vere sikker på at vi forstår kvarandre, og at vi så og sei spelar på same bana. Det kan ofte vere utfordrande å finne den gode dialogen som først skapar forståing og deretter opnar for å løyse problem i samarbeid. Ho la særleg vekt på å lære seg å stille opne spørsmål slik at ein etablerer kommunikasjon og refleksjon i staden for enkle ja/nei-spørsmål.

Ho snakka også om kroppsspråk; mykje av mellommenneskeleg kommunikasjon er kroppsspråk. Å lytte, smilande, open og imøtekommande skaper tillit og dialog. Gjennom di tilnærming inviterer du den andre til å fortelje. Ho peika også på noko som dei fleste av oss i liten grad reflekterer over, nemleg at nedsett høyrsel er veldig forskjellig frå person til person. Det er også bakgrunnen for at det apparatet som fungerer godt for naboen eller veninna kanskje er heilt uaktuelt for det. Her er det audiografen i samarbeid med deg som brukar som må gjere den omfattande oppgåva å finne det apparatet som er best for deg.

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding