Hopp til innhold

Fokus på Handlingsprogram og likepersonar:

Helga 20 og 21 oktober var tillitsvalde i HLF Sogn og Fjordane samla til to dagar kurs og inspirasjon .

Helga baud på mange fasettar i arbeidet for HLF framover. Det var oppsummering av arbeid sentralt, regionalt og lokalt. Likeeins var det ei tid for å løfte blikket framover mot 2019.

Leiar Synnøve Solhaugen Engen og nestleiar Arne Hovland hadde deltek på leiarsamling i Asker helga før, og der vart dei introdusert for fokusområda for forbundet inn i landsmøteperioden fram mot 2021. Særleg handlingsprogrammet vil vere eit nyttig verkty, og deltakarane gjekk laus på dette for å både verte kjend med innhaldet og finne og forankre aktivitetar lokalt. Det er særs viktig at lokale planar er forankra i handlingsprogrammet og verdiane; ”Engasjement – Kunnskap og Omsorg”. Det vart særleg peika på at dersom ein skal gjennomføre gode aktivitetar må ein engasjere medlemmene. Difor snakka møtet ein god del om korleis ein skulle organisere aktivitetane som prosjekt, og kva utfordringar dette ville føre til. Vi er kjend med at andre er flinke både å arbeide på denne måten og finansiere mange aktivitetar gjennom Extra Express-midlar.

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding