Hopp til innhold

Likepersonane i fylket har vurdert sine eigne arbeidsbetingelsar. Dei har sett på måten dei er organisert, og særleg har oppdatering om nye høyreapparatløysingar vore utfordrande. Med ei gallopperande teknologisk utvikling kjem det stadig nye høyreapparat. Dei vert stadig betre, men endringar i teknologi, til dømes med auken i bruk av oppladbare høyreapparat fører til nye utfordringar for både likepersonar og brukarar. Det ser ut som kvar produsent vel si eiga løysing på ladarane til dømes.

For at likepersonane skal kunne oppdatere seg og kunne tilby tenester på det aller nyaste er det viktig med kunnskapsauke. Her vil Hjelpemiddelsentralen i fylket vere ein god medspelar. I tillegg vil nye brukarar som kjem med nye apparat vere spreidd over heile fylket. Likepersonane legg difor vekt på  å få høve til oftare samlingar der dei kan oppdatere kvarandre på teknologien dei møter. Dei ville difor også ha ein kontaktperson som sjølv er likeperson. Han vil kunne ha god føling med når behovet reiser seg, og vil kunne invitere likepersonane til samling når han meiner det er trong for dette. Til ny kontaktperson for likepersonane vart vald Lars Mogens Stølen frå Hafslo. Han vil i tillegg samarbeide tett opp til nestleiar som vil vere fylkesstyret sin representant ovanfor likepersonane.

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding