Hopp til innhold

To dagar med mykje besøk og nøgde besøkande er fasiten etter at Årdal og Lærdal lag av HLF var til stades med høyrselsboksen i Årdal.

Fredag 10. og laurdag 11. juni fekk årdølene besøk av høyrselsboksen der dei kunne teste status på høyrsla. Aksjonen var på alle måtar vellukka med svært godt besøk.

I Øvre Årdal på fredag var 28 personar innom for sjekk, medan vi runda over 30 på Årdalstangen laurdag. 

I strålande sommarvær var det heller ingen sure miner sjølv om ventetida var opp mot ein time for enkelte. Drøsen gjekk mellom kjensfolk, og vi fekk både høve til å informere om HLF, samt vise oss fram midt på torget med mykje folk som la merke til den flotte teststasjonen vår. I tillegg stakk redaktøren for den lokale nettavisa innom då vi var i Øvre Årdal.

Reportasjen kan du sjå her: http://www.porten.no/artikler/nyhende/horselen-var-betre-enn-forventa

Med oss hadde vi framifrå testarar som kom langveges frå heile fylket; ingen nemnd, ingen gløymd. Vi skal nok klare å gjere dei ei beine att når det høver seg slik. Komande laurdag vil vi vere i gang att i Lærdal på Lærdalsmarknaden. Det ser vi fram til, og er viss på at det også der vil vere mange som stikk innom til oss.

Takk til dei gode hjelparane frå fylkeslaget!

Styret i Årdal og Lærdal HLF

Vellukka testdagar i Årdal

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding