Hopp til innhold

9.- 10. april 2016 har HLFU, som så mange år før, arrangert styrekurs for nye og gamle tillitsvalde i organisasjonen.

Kvart år i april månad arrangerar HLFU styrekurs for nye og gamle tillitsvalde i organisasjonen. I år vart styrekurset arrangert i FFO Hordaland sine lokaler, i Bergen.

Styrekurset legg opp til ein god blanding av undervisning, diskusjon og erfaringsutveksling mellom medlemma. Tema på årets styrekurshelg har mellom anna vore frivillighet, motivasjon, kultur og roller, opplæring i bruk av nettsidene for lokallaga samt økonomi og drift. 


Ungdomskonsulent, Lasse R. Bøtun snakkar om frivillighet


Vidare vart det sundag lagt opp til i stor grad workshop og gruppearbeid for deltakarane, der diskusjon og erfaringsutveksling på tvers av HLFU sine 12 lokallag står sentralt. 

Laurdag kveld var det lagt opp til sosial samankomst, deltakarane fekk valet mellom anten spelkveld eller gåtur til Fløyen.

Bergen viste seg, som vanleg, frå si beste side.

HLFU ønsker å takke alle deltakarane for eit brennande engasjement for HLFU og høyrselsaka, og ser fram til å arbeide med denne fantastiske gjengen dei kommande åra. 

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding