Gjennom HLFU sin snart 34 år gamle historie har HLFU oppnådd mykje, og er i stadig endring. Under kjem ein oversikt over kva HLFU faktisk gjer gjennom eit år, alt frå representasjon, prosjekter, bragder og tilbod.
God lesing!
Lokallag
Visste du at HLFU har 9 lokallag fordelt rundt om i landet, og dekker totalt 16 av landets 18 fylker? Du kan sjå ein oversikt over HLFU sine lokallag her, samt sjå kontaktinformasjon til tillitsvalte i lokallaga.
HLFU lokallag utgjer den viktigaste arenaen for HLFU sine medlem, og dei fleste lokallag arrangerer månadlege aktivitetar for medlemma, med låg eller ingen eigenandel. Dette er ein unik mogelegheit for deg å bli kjend med andre ungdom i same situasjon, og dette kan fort utvikle seg til livslange vennskap! Det er også ein fin måte å starte sitt engasjement i organisasjonen, og ved å delta på HLFU sine lokale aktivitetar støtter du det arbeidet HLFU gjer!
Likepersonar
Visste du at HLFU har totalt 11 likepersonar for ungdom? HLFU sine likepersonar er ungdom med erfaring frå livet med nedsett høyrsel eller utfrodringar knytt til høyrsel, og har erkjent sin situasjonen. For å bli likeperson i HLFU må ein gjennomføre eit kurs over to trinn med ein avsluttande eksamen, dette i regi av HLF. HLFU sine likepersoner kan dele sin erfaring og kunnskap med deg, og best av alt, dei har teieplikt!
Finn HLFU sine likepersoner her.
HLFU sine aktivitetar
Visste du at HLFU kvart år arrangerer 6 sentrale arrangement for HLFU sine medlem? Les om dei her:
- Generalforsamling
Kvart år i mars månad arrangerer HLFU Generalforsamling. Generalforsamlinga er HLFU sin øvste myndigheit og legg føringar for kva HLFU og HLFU sitt styre skal arbeidet med i det kommande året. Generalforsamlinga er ein viktig demokratisk arena for HLFU som organisasjon, i tillegg til formelle delen av generalforsamlinga er det fokus på uformell erfaringsutveksling for HLFU sine medlem.
- Styrekurs
Styrekurs arrangerast kvart år i april månad, og er eit opplæringskurs for HLFU sine tillitsvalte i HLFU sine sentrale og lokale tillitsverv. På styrekurshelga går ein gjennom problemområder lokallage kan oppleve, samt grunnleggjande innføring i å søke støtteordningar, styrearbeid, samt bruke HLFU sin lokallagsperm.
- SummerCamp
Kvar somar arrangerer HLFU SummerCamp for alle HLFU sine medlem. SummerCamp varar stort sett frå onsdag til søndag, og har dei siste åra vore fast på idylliske Sjøstrand like utfor Kristiansand. Populære aktivitetar som Dyreparken, Amazing-HÆ og generel hygge står ofte på programmet under SummerCamp!
I 2017 arrangerte HLFU i samarbeid med IFOHYP International SummerCamp!
- HøstCamp
Nytt namn! HLFU har tidlegare kvart år arrangert Ungdomshelg for alle HLFU sine medlem mellom 13-18 år. Nytt av året er at arrangementet skiftar namn til HøstCamp og er tilgjengeleg for alle medlemmer! Vi gler oss, og håpar å sjå nettopp deg!
- Leiarmøte
HLFU arrangerer kvar haust leiarmøte for leiar og nestleiar i HLFU sentralstyret, samt HLFU sine lokallagsleiarar. Leiarmøte er ein viktig arena for utviklinga av HLFU som organisasjon, tar opp utfordringar i lokallaga, faglege innspel samt erfaringsutveksling blant lokallaga. Leiarmøte er sentralt i arbeidet med å knytte organisasjonen saman.
- Julebord
HLFU arrangera kvart år julebord for HLFU medlemar i alderen 18-35 år! Julebordet er ein fantastisk mogelegheit til å stifte nye vennskap, samt dele erfaringar og opplevingar med andre HLFU medlem.
Styret
Visste du at HLFU sitt sentralstyret veljast av Generalforsamlinga?
Visste du at HLFU har ein ungdomskonsulent tilsett i HLF, som bistår HLFU i det daglege arbeidet med drifta av HLFU? HLFU sin ungdomskonsulent heiter Lasse, og sitter til daglig ved HLF sine kontorer på Brynseng i Oslo.
Under kjem nokre kjappa fakta om HLFU sitt sentralstyre i 2018.
Visste du at
- 4 av 8 i HLFU sitt sentralstyret er kvinner
- 5 i sentralstyret bor på Østlandet, 2 i Bergen og ein i Kristiansand?
- Sentralstyret i 2017 behandla 86 saker?
- Medlem i sentralstyret har eit alderspenn frå 23 til 35 år?
- Sentralstyret er ansvarlege for den daglege drifta av HLFU?
- 1 av 8 i sentralstyret har raudt hår?
- 3 av 8 i sentralstyret har vore elev på Briskeby skule i Lier?
- Du kan ta kontakt med sentralstyret? Finn oss her!
Representasjon
Visste du at HLFU er fast representert i både HLF sitt sentralstyre, samt HLF sitt Hovudutval?
HLF sitt Sentralstyret
HLFs sentralt jobber med den daglege drifta av organisasjonen, og jobbar med å løfte organisasjonen fremover i viktige interessepolitiske saker, samt er ansvarlige for HLF-sekretariatet. HLFUs representasjon er ein viktig del av det interessepolitiske arbeidet til HLFU, der vi kan vere med å påvirke det interessepolitiske arbeidet til HLF.
HLF sitt Hovudutval
HLF sitt Hovudutval består av mange ulike utval, som f.eks. CI-utvalet og Døvblittutvalet. Her er det viktig at HLFU er representerte, slik at HLFU kan være med å bistå og påvirke dei ulike utvala i dei interessepolitiske sakane samt utvala for øvrig.
Landsmøtet
Visste du at HLFU kan sende 5 delegatar med fulle rettar til HLF sitt landsmøte som arrangerast kvart 3. år? På denne måten deltar HLFU aktivt i arbeidet med HLF sitt handlingsprogram, og kan tale HLFU sin sak i dette arbeidet.
Korleis HLFU jobbar
Visste du at HLFU samarbeider med andre ungdomsorganisasjonar i Norge? HLFU tilhøyrar paraplyorganisasjonen Unge Funksjonshemmede (UF). UF er eit samarbeidsorgan for funksjonshemma sine ungdomsorganisasjonar i Norge kor organisasjonane kan utveksla kunnskap om dei spesielle vilkåra for ungdom med funksjonshemningar og kroniske sjukdommar. Gjennom UF arbeider HLFU i samarbeid med andre ungdomsorganisasjonar i for felles sak og saman betre funksjonshemma sine rettar.
Visste du at HLFU kan påverke høyrselssaken på internasjonalt nivå? HLFU tilhøyrar IFHOHYP (International Federation of Hard of Hearing Young People) som er ein internasjonal paraplyorganisasjon. HLFU ser det som viktig å være tilstade på internasjonal arena for å utveksle erfaringar og for å kunne påverke det interessepolitiske og demokratiske arbeidet på et internasjonalt nivå. HLFU deltar på IFHOHYP sitt årlige AGM (Annual General Meeting). HLFU sin leiar er også medlem av IFOHYP sitt styre.
Visste du at HLFU kan påverke politikarane ved å sende inn ein resolusjon? Ein resolusjon er ein felles ytring på vegne av alle medlem i HLFU og som blir vedtatt på HLFU sin Generalforsamling.
Pågåande prosjekter
Visste du at HLFU kvart år deler ut fleire titalls tusen til russ og festivaldeltakarar?
”Russ mot sus”
Kvart år er det fleire som pådrar seg hørselsskadar som nedsett høyrsel og tinnitus som følgje av for høgt lyd nivå i russetida. Russ mot sus er en årlig kampanje der HLFU sine frivillige jobbar for å førebyggja hørselsskader blant russen.
HLFU hold stand på dei fleste store russetreffa, der frivillige deler ut over fleire titalls tusen gratis øyreproppar og informerer om kor viktig det er å passe på høyrsla.
”Festivalpatruljen”
Festivalpatruljen har som mål å førebyggje høyrselskader som oppstår på musikkfestivalar rundt om i Noreg. Det gjør HLFU ved å være tilstade på store og små festivalar over hele landet, der vi deler ut gratis øyreproppar, informerer om korleis man kan førebyggje hørselsskader og setter opp stands for synliggjøring. Dette er med på å bevisstgjøre festivaldeltakarane om kor viktig det er å passe på høyrsla og er med på å skape gode vaner som å bruke øyreproppar, passe på at man ikkje står for nær høgtalarane og sørgjer for å ta regelmessige pausar frå høy musikk.
"Jeg er bra nok"
Med støtte frå Extrastiftelsen har HLFU gjennomført prosjektet «Jeg er bra nok!» for ungdom og unge vaksne mellom 13 og 35 år med hørselsutfordringar. Dette var eit nytt prosjekt i 2017, som også vil gjelde for 2018. Les meir her.
Viktige resultat av HLFU sitt arbeid
Visste du at HLFU har påverka tv- og filmkvardagen din?
Les om tekstesaka og slyngepatruljen til høgre på sida!
”Hør hva jeg har å si”
Visste du at HLFU har laga film?
I 2015 gjennomførte HLFU eit forprosjekt for ein film om det å vere ung med nedsett høyrsel. Forprosjektet vart finansiert av LNU(Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner). I forprosjektet gjennomførte HLFU totalt 14 regionale samlingar, for å samle inn HLFU medlem sine historiar, både positive og mindre positive. Forprosjektet viste seg å vere ein suksess, og HLFU fekk difor innvilga vidare støtte frå LNU til å produsere ein faktisk film basert på forteljingane samla inn under forprosjektet.
Les om produksjonen av filmen her!
Filmen vart fyste gong vist under julebordet til HLFU i 2016.