Hopp til innhold

Helgen 30.09.16 til 02.10.16 gjennomførte HLFU vårt heilt nye arrangement, nemlig HøstCAMP, på Solhaug feriested utenfor Fredrikstad i Østfold.

Totalt 21 HLFU'ere møtte fredag ettermiddag og kveld opp på Solhaug leirsted utafor Fredrikstad. Her vart ein møtt med forfriskande heimelaga pizza, før fredagskvelden gjekk med til presentasjon, informasjon om helga samt uformell erfaringsutveksling, herunder spelkveld.

Laurdag starta tidleg med frukost allereie kl 08:00, og ein morgonsol som lyste opp den klare oktobermorgonen. 

HLFU sitt lokallag i Østfold, HLFU Østfold hadde denne laurdagen invitert deltakarar ved HLFU sin HøstCAMP, samt medlem i HLFU Østfold til å vere med til klatreparken ”Klatring på grensen” rett utafor Halden, tett på riksgrensa til Sverige.

Her fekk alle ein kort innføring i den naudsyne tryggleiken i parken, om korleis ein skulle bruke dei forskjellige tryggleikslinene i løypa på riktig måte, dette for å unngå uheldige situasjonar. Ein er til ei kvar tid trygga medan ein gjennomfører løypene i klatreparken.

I klatreparken kunne deltakarane sjølv velje kva for utfordringar dei ville ha, då det var forskjellege løyper, som gjekk frå den lettaste, grøn løype, til svart+ løype – den mest krevjande.

I klatreparken var det lagt til rette for grilling, så til lunsj denne solfylde oktoberlaurdagen vart det grilla pølser slik at ein hadde energi til å bestige dei mange klatreløypene i parken!

Etter mange timar i klatreparken bar turen tilbake til Solhaug, kor det vart servert middag før ein fekk høve til å utnytte det flotte haustveret til det fulle, med diverse utandørsaktiviteter, som volleyball og fotball.

Etter ein lang dag med mykje fysisk aktivitet vart det laurdag kveld arrangert filmkveld i hovudhuset på Solhaug, med påfølgande spelkveld.

Sundagen kom, og ei kort, men innhaldsrik HøstCAMP nærme seg slutten. Alle deltakarar bidrog aktivt i arbeidet med å rydde ut av husa på Solhaug leirstad, slik at HLFU kunne forlate leirstaden i den stand det var i då HLFU kom.

HLFU er takksamd for alle som bidrog til ei innhaldsrik og kjekk HøstCAMP i 2016, og vi gler oss til å gå gjennom evalueringa og allereie no byrje arbeidet mot HøstCAMP 2017!

 

HLFU ynskjer alle ein framifrå haust, og ser no fram mot julebordet i Stavanger!

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding