I slutten av Juni 2018 låg alt til rette for ein heidundrande SummerCAMP for HLFU sine medlemmer.
Det vart bestilt sol og fint vær, og det vart i aller høgste grad levert!
I strålande solskin ankom deltakarane til HLFU sin SummerCAMP Kristiansand og Sjøstrand for ein veke fylt med gode vener, kjekke aktiviteter, gode minner, sommar og sol. Som seg hør og bør på ein varm sommardag vart det grilling etter alle deltakarane ankom Sjøstrand. Deretter var det høve for å slappe av og nyte sola for dei som ønska det, medan ein god gjeng var med på ein god fotballkamp etterfølgt av eit velfortent bad i sjøen, som målte rundt 20 grader!
Onsdagen vart avslutta med ein quiz.
Torsdag var det tidleg opp, for å få mest mogeleg ut av dagen; torsdag var nemlig dags for Dyreparken i Kristiansand, alltid eit like stort høgdepunkt for mange. Etter ein lang dag med tiger, sebra , geiter og andre eksotiske skapningar var det ein svolten gjeng som kom attende til Sjøstrand, kor nydelig grillmat venta samtlege. Etter middag var det tid for volleyball, som vart avslutta med ein intens kamp mellom deltakarar og leiarar, som deltakarane vann knipent!
Fredag var det HLFU sitt eige rebusløp «Amazing-HÆ?» som sto på programmet, saman med kvar sin lagleiar vart fire grupper sendt inn til Kristiansand sentrum for å løyse ei knippe med ulike utfordingar som ein måtte samarbeid om samt ein fekk utforske byen. I tillegg fekk lagleiarane undervegs nye oppgåver som skulle løysast, alt frå å finne ukjente statuar i byen til å ta «selfie» med framande! Etter ein runde i Kristiansand sentrum venta resten av «Amazing-HÆ?» på Sjøstrand, og gruppene måtte gjennom alt frå tautrekking til spising av lakrissnor. Til slutt var det gruppe fire, leia av Kristi Vidvei, som gjekk seirande ut av 2018 utgåva av «Amazing-HÆ?»! Gratulerer!
Vidare vart det nok ein gong servert herlig grillmat, og vi fekk hyggjeleg besøk av HLFU sitt lokallag i Agder, som delte resten av ettermiddagen og kvelden saman med oss på Sjøstrand, med volleyball, fotball og brettspel, noko for ein kvar smak!
Laurdag var det fridag! Her fekk alle høve til å gjere kva dei sjølv ville, om det var å reise attende til dyreparken, utforske endå meir av Kristiansand eller berre slappe av i sola på Sjøstrand! Etter ein fridag vart det rom for å slappe av, bade og ikkje minst; vatnballongkrig! Her slapp ingen unna, korkje deltakarar eller leiarar. Samlege fekk ein gul, blå, grøn eller rosa ballong fylt med vatn på seg!
Laurdag kveld arrangerte HLFU sin eigen «Sjøstrand Kino» filmvisning på lerret, ein fin avslutning på ein fin dag!
Sundag var det, diverre, avreise frå idyllen på Sjøstrand. For nokon venta jobb, for andre venta det ein lang og fortent ferie!
HLFU ynskjer takke samlege for ei flott og innhaldsrik veke, og ynskjer samlege, og alle andre, hjarteleg velkommen til SummerCAMP 2019!
HLFU ynskjer vidare alle ein fortsatt god sommar, og ynskjer alle velkommen til HøstCamp!
Skrive av Ole F.