SummerCamp starta også i 2015 med ankomst for deltakarar onsdagen. Deltakarane vart ønskt velkommen med grillmat og volleyball fyrste dagen. Elles var det uformell hyggjeleg samankomst onsdag kveld, med mellom anna quiz!
Torsdag morgon spanderte HLFU tur til Dyreparken i Kristiansand. Dei som ønska det fekk også høve til å reise i tilhøyrande badeland rett ved Dyreparken. Her var det fritt fram for alle å oppsøke dei fasilitetar og aktivitetar ein sjølv ville sjå. Då 31 nøgde deltakarar kom attende frå dyreparken vart det servert kjøttdeig og pasta. Torsdag kveld vart det nok ein kveld duka for uformell samankomst med brettspel og snacks.
Fredag var den store Sjøstrand dagen, der forskjellege aktivitetar skulle gå føre seg på dei idylliske områda HLFU sin SummerCamp har tilgang på. Mellom anna var eit av fleire høgdepunk ”Amazing-HÆ”, HLFU sitt eige rebusløp. 7 forskjellege postar fordelt over eit større område måtte løysast før eit vinnarlag kunne kårast. Det vart så jamt at det måtte ein ekstraquiz til for å kåre vinnarane! Fantastisk innsats frå alle laga. Elles var fredagen dagen for felles grilling saman med HLFU Agder. I tillegg var det dagen for den store volleyballturneringa, der vinnarane spelte mot representantar frå HLFU sitt sentralstyre. Diverre måtte sentralstyret gå tapande ut av finalen.. ;) Ein hektisk fredag vart avslutta med Hobbiten på lerret i fellesstova.
Laurdag var fridag. Her kunne deltakarane gjere som dei ville, om det var å reise attende til dyreparken, reise til Kristiansand sentrum, slappe av på Sjøstrand eller anna aktivitet, var det fritt fram for dette. Laurdag som fridag har tidlegare vore eit populært tilbod, og det var ikkje noko unntak i år, tross litt fukt i veret! Laurdag kveld vart det servert grilla kyllingfilet og nok ein film på lerret i fellesstova.
Sundag var det rydding og heimreise. Nok ein fantastisk SummerCamp var over.
HLFU ynskjer å takke alle deltakarar for deira bidrag til ein flott og minnerik SummerCamp, og ynskjer alle velkommen igjen til neste år!