I 2016 arrangerast det landstreff i Bergen for russ.
HLFU har vore i dialog med arrangør, og det er ønskeleg at HLFU er tilstade for å dele ut øyreproppar til russen på Landstreffet i Bergen 2016.
HLFU Hordaland stiller!
Oppdatert:
I dagane før Landstreffet i Bergen var HLFU Hordaland i kontakt med arrangører for å opplyse om frivillige for akkreditering. Tilbakemeldingane HLFU Hordaland då fekk var at HLFU likevel ikkje fekk stille, då arrangøren hadde lovet bort rettane til sal av øyreproppar til nokon andre ved ei misforståing.
Det er synd HLFU ikkje fekk høve til å stille på Landstreffet, og på den måten forebyggje høyrselskadar for russen. HLFU Hordaland har fått beklagelser frå arrangør, og lovnader om plass ved Landstreffet 2017.
