Hopp til innhold

HLFU lagar film!

Visste du at at HLFU i 2015 byrja arbeidet med ein film av og med HLFU sine medlemmer?
Det starta med eit forprosjekt hausten 2015 finansiert av LNU (Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner). Les om forprosjektet i tekstboksen til høgre. 

Vidare fekk HLFU støtte frå LNU til å bruke materiale frå forprosjektet til å produsere ein faktisk film, og det arbeidet er HLFU godt i gang med no! Les om utdrag frå prosjektbeskrivelsen til prosjektsøknaden om produksjon av film i tekstboksen til høgre. 

På denne sida kan du lese litt om korleis vi laga filmen.

Oppdatert 16.04.16:
Fyrste opptaksdag i Trondheim:

Endeleg! Onsdag 13. april var det omsider klart for fyrste innspelingsdag for filmen "Hør hva jeg har å si". HLFU har inngått eit samarbeid med Globus Media, og saman ankom prosjektgruppa og filmteamet frå Globus Media Trondheim onsdag morgon, med fyrste planlagte innspeling kl. 10:00. 


Opprigg fyrste lokasjon
Opprigg fyrste lokasjon (Bilde: HLFU)

Under følger fleire bilete frå fyrste innspelingsdag:

Innspeling Tr.Heim 2
Det er mykje som skal vere i orden; lys, vinkel, lyd m.m. (Bilde: HLFU)



Innspeling Tr.Heim 3
Ved eit tilfelle måtte delar av filmcrew og prosjektgruppa stille som statister. 
"Snu litt på stolen, litt til høgre, litt tilbake, DER JA!" (Bilde: HLFU)

HLFU er veldig nøgd med innsatsen til skådespelarane frå fyrste innspelingsdag, og ser verkeleg fram til det endelege resultatet, som HLFU vonar å å presentere i løpet av hausten 2016.

Neste innspelingsdag er Oslo 26. april. Vi gler oss!

Oppdatert 01.05.16:
Andre opptaksdag i Oslo:

Etter ein veldig spanande opptaksdag i Trondheim var vi veldig klare for andre og siste opptaksdag i Oslo tysdag 26.04! Dei 4 siste bidraga skulle i dag tas opp på bånd. Innspelinga starta kl. 09:00 på Frognerseteren i Oslo!


Alt ligg til rette for innspeling! (Bilde: HLFU)

 


Det er mykje som skal stemme! (Bilde: HLFU)


Fantastisk utgangspunkt for opptak, været var verkeleg med oss denne dagen!
(Bilde: HLFU)


Under opptak hjå øyre/nase/hals lege var det detaljene som sto i fokus! (Bilde: HLFU)

 

Her kan du sjå det endelege resultatet!

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding