Hopp til innhold

Prosjektet kartla evne til samarbeid mellom lokale lag om informasjon, omsorg og service.

Gloppen høyrselslag såg i 1998 eit stort behov for eit sørviskontor sentralt i kommunesenteret - ein ide årsmøtet utvida til at laget skulle samarbeide med andre lag for å utnytte kapasiteten og betre økonomien i kontoret. Dette vart raskt følgd opp. Seinere same året kunne laget såleis skrive under på ein samarbeidsavtale om sørviskontorutvekling, saman med Gloppen lag av LHL, Gloppen lag av NHF, Gloppen Revmatikerforening og Gloppen Diabeteslag.

Heilt frå starten av var Helse- og sosialsjefen i kommunen med i planprosessen. Kommunen var på det reine med at sørviskontoret skulle drivast åleine av frivillege medarbeidarar etter likemannsprinsippet. Kontoret blei i forlengelse av dette tenkt som eit lokalt brukarkompetansesenter.

Førprosjektet, som vart gjennomført i 2001, konkretiserte desse visjonene, og fekk fram ein målretta hovedprosjektsøknad. Denne fekk gjennomslag og hovedprosjektet Realisering av Nikodemusstova vart gjennomført i 2002-2004.

Hurtiglenke: www.hlf.no/nikodemusstovaforprosjekt

Fant du det du lette etter? Gi oss din tilbakemelding

Takk for at du hjelper oss å lage en bedre tjeneste.
Skriv din tilbakemelding i skjemaet nedenfor.

Dette feltet er påkrevd
Angi en korrekt e-postadresse

Takk for din tilbakemelding