Opplevd behov for rask hjelp i tida etter hørselstapet er drivkrafta bak prosjektet.
Gjennom eigne erfaringar kjenner Døvblittutvalget godt til behovet for støtte og informasjon. Kunnskap og motivasjon til å starte prosessen med å finne tilbake til det gode livet så raskt som mulig, er viktig.
Resultatet av prosjektarbeidet er to informasjonshefte:
Eit 32-siders kunnskapshefte Tunghørt – mot og vilje til eit godt liv
Ein 8-siders faldar Kjenner du ein tunghørt?
Dei to hefta kan bestillast i papirversjon her.
Erfaringar viser at det er mulig å få livet på rett kurs igjen, sjølv med eit stort hørselstap. Det er det som er hovudbodskapen vår. I kunnskapsheftet fortel vi om vanlege reaksjonar når hørselen sviktar, vi informerer om mulige tilbod som den enkelte kan trenge gjennom tilfriskningsprosessen, og kva lovverk som sikrar denne retten.
Kommunikasjonsvanskane kan berre løysast innafor eit sosialt fellesskap. I faldaren informerer vi dei normalthøyrande om korleis tilrettelegge for god kommunikasjon med tunghørte.
Hurtiglenke: www.hlf.no/horselinfo
Prosjektgruppen, f.v.: Synnøve Solhaugen Engen (DBU-leder), Anne-Marie Frøland (DBU), Odd Eskildsen (HLF Hafrsfjord), prosjektleder Anne Britt N. Losnegård og Anna Haukås Nordeide (DBU)