"Lette hørseltap" er eit misvisande uttrykk. Det viser til inndeling i hørseltap etter grad. Lette hørseltap betyr såleis ikkje at dei er lette å ha. Eit uoppdaga lett hørseltap kan bli teke for å vere sein modning og konsentrasjonsproblem, og eit uavhjelpt lett hørseltap kan forårsake problem som ein ikkje set i samanheng med hørselen.
Personar med lette hørseltap har vanlegvis fått lite hjelp med tanke på tilrettelegging. Prosjektet tok tak i dette, ved å utvikle eit informasjonshefte på 24 sider:
Er lette hørseltap lett? (last ned pdf-fil)
Heftet gjer det muleg for helsepersonell, foreldre og lærerar å kjenne igjen symptom på lett hørseltap og setje inn tilpassa og heilskapelege tiltak.
Heftet, saman med plakat, vart sendt til alle PP-kontor, helsestasjonar, barnehagar og skular i Sogn og fjordane. I tillegg kom spreiing via HLF til alle hørselsentralane i landet samt nettpublisering.
Bilete: Prosjektleiar Anne Britt Nummedal Losnegård
Hurtiglenke: www.hlf.no/vegvisarihoyrsel2002